Vest-Telemark er ein spennande region med eit livskraftig og mangfaldig næringsliv. Næringslivet er i endring. Noreg møter etter mange år med sterk vekst og store inntekter ein ny kvardag. Mykje av næringslivet i Noreg har vore basert på ein svært lønsam olje- og offshoresektor. Næringslivet anno 2022 er prega av høgare rente, høgare kraftprisar, vanskeleg å få tak i kompetent arbeidskraft og meir usikkerheit. Næringslivet i Vest-Telemark er også påverka av desse utviklingstrekka, men har likevel klara seg rimeleg bra. Fleire næringsgreiner melder om vekst. Tilhøva for rekruttering av ny arbeidskraft er betre. Kriser skaper grunnlag for ny vekst.
Vest-Telemark Næringsforum er ein aktør i denne utviklinga. Vår rolle er å vere eit samlande talerør for det private næringslivet i regionen. VTNF skal legge til rette for betre rammevilkår for kvar enkelt verksemd i vår region. Framover går VTNF ei spennande tid i møte og vi har mange prosjekt og aktivitetar som ev grunnlag for ny og større aktivitet. Vi har ei rekkje samferdselspolitiske saker der vi skal vere aktive. Det skjer mykje i Vest- Telemark, og her skal næringslivet gjere seg gjeldande. Vi aukar aktiviteten på informasjon og medlemstilbod, slik at det skal vere attraktivt å vere med i VTNF.
Vi ønskjer å vere eit godt verktøy for næringslivet i vår region. VTNF er det einaste felles talerøret næringslivet i regionen har. Vi håpar du som verksemd har nytte av det, og framleis vil stø opp om det arbeidet vi gjer i fellesskap!