Medlemstalet har det siste året halde
seg stabilt med noko tilvekst av nye verksemder. Medlemsverksemdene tel mellom 90 og 100 og har til saman nær 1400 tilsette i sine verksemder. Dette utgjer snaut 40 % av dei tilsette i privat sektor i Vest-Telemark.
VTNF er nøgd med å representere ein såpass stor del av næringslivet i regionen, men målet er vekst. Dess fleire som står saman, dess større gjennomslag og påverknadskraft vil foreininga ha i viktige saker. Vi vil med det oppmode alle medlemmar til å engasjere seg og bruk foreininga aktivt.
Bli medlem
Bli med i det sterkaste nettverket for næringsliv og beslutningstakerar i Vest-Telemark. Hjå oss får du tilgang til ein arena som gje moglegheitar for nye kundar og samarbeidspartnarar. Vi er også eit kontaktorgan i høve til enkeltsaker.
Samen jobbar vi for meir verdiskaping i vår region!
- I vår medlemsportefølje har vi store, små og mikrosmå verksemder
- Vi er til for di verksemd og din sak
- Vår viktigaste oppgåve og oppdrag er å fremje medlemmane sine saker på vegne av fellesskapet
- Forumet er partipolitisk nøytralt
- VTNF jobbar for å skape gode rammevilkår for våre medlemsverksemder – lokalt, regional og sentralt
- Å bli medlem i Vest-Telemark Næringsforum betyr å ta ansvar for utvikla til verksemda og næringslivet.
VTNF er snart 20 år og vi er glade og stolte av at Vest-Telemark, som einaste i Telemark, har ei aktiv næringforening.
Medlemsavgift i VTNF pr år:
- Til og med 2 tilsette: Kontingent 200 kroner, informasjonsavgift 800,- + mva.
- Frå og med 3 til 15 tilsette: Kontingent 200 kroner, informasjonsavgift 2000,- + mva
- Frå og med 16 tilsette og oppover: Kontingent 200 kroner, informasjonsavgift 3000,- + mva
Årskontingenten vert fakturer på etterskott innan utgangen av august kvart år.
For å være sikker på å nå ut med informasjon til alle våre medlemmar, er det viktig at den einskilde verksemd sender oss oppdatert kontaktinformasjon og fakturaadresse ved endringar.