Næringsliv i Vest Telemark

haukeli

Næringslivet i Vest-Telemark er mangfaldig, spennande og allsidig. Regionen er ein samla bu- og arbeidsmarknadsregion. I sum kan regionen by på mange spennande arbeidsplassar, gjennom ei rekkje små og mellomstore verksemder. Vi har alt frå industri, IT, elektro, handel, bank/finans, økonomi, forsikring, revisorar, fiskeoppdrett,  reiseliv, transportørar, ingeniørselskap, entreprenørar, matproduksjon, energi, naturforvaltning samt mange fleir. Sjekk ut alle våre medlemmar og få eit komplett bilete.

NHO Telemark har publisert Nærings NM og Kommune NM gjennom ei rekkje år. NHOs NæringsNM måler og samanliknar næringsutviklinga i fylker, regionar og kommunar. Tala byggjer på verksemdene si vekst og lønsemd, nyetableringar og storleiken på næringslivet. Rangeringa gjev uttrykk for kvar i landet næringslivet gjer det best, målt på næringslivet sine eigne premissar. I Vest- Telemark har vi hatt ei interessant utvikling. I 2006 blei Vest-Telemark nummer 73 av 83 i nærings-NM. For to år sidan var plasseringa langt betre, ein 35. plass. Årsaka til at det var så bra i 2014 var ikkje nyetableringar, der scorar vi dårleg. Men verksemdene hadde bra lønsemd og det var få konkursar. Har ei verksemd klara å etablere ein marknad i regionen er det moglegheitar for å gjere det ganske bra. Regionen viser i undersøkinga at det er ein nedgang i arbeidsplassar i offentleg sektor, men stabile tal og til dels vekst i privat sektor.

https://www.nho.no/Om-NHO/Publikasjoner-og-horingsuttalelser/Offentlig-sektor-og-naringslivet/kommune-nm-2015/
http://www.vest-telemark.no/Aktoer/Vest-Telemark-Naeringsutvikling/Aktuelt/Regional-analyse-av-Vest-Telemark-2015

Når det gjeld skule har vi Vest-Telemark Vidaregåande skule på Dalen og i Seljord, samt Kvitesund Gymnas. Kunnskapsdepartementet si måling, som vart publisert 11. april 2016, syner at Vest-Telemark vidaregåande er best i Telemark. Ser ein på ein samla måleindikator for dei vidaregåande skulane i landet kjem skulen på delt 5.plass for heile i landet. Dette er eit resultat i vi kan vere stolte av og som er eit viktig argument for busetting og sysselsetting.

Vest-Telemark Næringsforum ser at bedriftene i regionen er ganske optimistiske, det har gått relativt bra og det er lønsame verksemder. Veksten framover vil i høg grad liggje innanfor bioøkonomi, reiseliv, utnytting av vasskraft, handel, kommunikasjon og areal som er disponibelt.