Næringspolitikk

VTNF jobbar aktivt for å fremje medlemmane sine interesser ovanfor ulike offentlige instansar.

VTNF har fokus på rammevilkåra til sine medlemmar – både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Framover kjem Vest-Telemark til å ligge i ein utfordrande posisjon med omsyn på samfunnsutvikling. Dette til trass for høg sysselsetting. Utviklinga i Vest-Telemark er prega av den sterkaste utflyttinga i Sør-Norge. Trass i at næringslivet sin relative del aukar er veksten negativ grunna reduksjon i folketalet og nedgang i offentlig sektor.  Alle gode krefter må derfor drage i lag og engasjement frå politisk- og kommunalt nivå vil ikkje vere nok. Næringslivet må sjølv synleggjere behov for satsing.

Utviklinga vi står framfor får innverknad på alle samfunnsfelt, investering i infrastruktur, folketal, kommuneøkonomi, verkemiddelordningar for etablering og generell distriktspolitikk. VTNF ser at det må bli utvikla sterkare alliansar mellom regionar som har like utfordringar både på kommunalt og på verksemdnivå.