Risikovillig, kompetent kapital er ein minimumsfaktor i regionen. Det er usikre tider, usikre marknadar og samtidig fleire alternativ for han som søkjer ei trygg hamn for sine pengar, til dømes eigedom. Noko av forklaringa på at det er låg innovasjon kan også vera at gründeren ikkje er overtydd nok i trua på eigen ide og dermed vilje til å satse. Resultatet er at det blir vanskelig å reise risikovillig kapital. VTNF oppfattar at betre offentlege ordningar for risikovillig kapital vil kunne vere eit viktig element for å sikre ny vekst.