Næringshagar

naringshagar

Ei samfunnsanalyse for Vest-Telemark gjennomført i 2015 av VTNF på oppdrag frå Vest-Telemark Rådet, konkluderar med at manglande samspel mellom kommunane, låg bustadsattraktivitet samt få nyetableringar er dei primære flaskehalsane for utvikling i regionen. Ein systematisk utvikling av næringshagemiljøa i kvar enkelt kommune vil kunne møte desse flaskehalsane samt bidra til å understøtte og vidareutvikle ein robust fleirkjernestruktur. Framvekst av 100 + miljø (samlokalisering av 100 arbeidsplassar eller meir), vil ha ein positiv effekt for attraksjon og utvikling. Med tilrettelegging kan det bli etablert eit tett og komplementært kompetansemiljø i regionen som både sikrar bukvalitet og stadsutvikling. I tillegg sikrare vi regionen si evne til å løyse meir komplisera samfunnsoppdrag.

VTNF har saman med fleire aktørar fått tildelt ei rammeavtale på eit prosjekt der ein skal utvikle Vest-Telemark i ein fleirkjernestruktur – og utvikle eit attraktiv nærings- og kompetansemiljø.  

Målet i prosjektet er: 

  • Utvikle sterke regionale ”motorar” i alle regionen sine kommunesentra som verkar attraktive for rekruttering av arbeidstakerar og utvikling av eksisterande og nytt næringsliv med tilhøyrande næringskjeder
  • Utvikling av solid kompetansemiljø som kan representere spisskompetanse på respektive fagfelt til beste for heile regionen for å auke det økonomiske samspelet mellom næringsmiljøa
  • Styrke samarbeidet mellom offentleg og privat sektor i skjeringspunktet mellom lokale næringshagar og kommunal samfunnsutvikling og tenester
  • Auke regionen sin attraktivitet som bustadregion gjennom erfaringsutveksling der ein koplar ein attraktiv arbeidsmarknad med variera bumiljø i heile regionen