Om VTNF

moterom

Det er ti år sidan VTNF blei skipa, og ein har i dag om lag 100 medlemsbedrifter. Medlemmane er private enkeltmannstiltak, verksemder/selskap, rådgjevingsmiljø, høgskulen, bankar og organisasjonar i Vest-Telemark. Forumet skal vere eit talerøyr og næringspolitisk organ for verksmedene i regionen, samtidig som det er ein møteplass for å fremje kompetanse og nettverksbygging mellom medlemmane. Vest-Telemark Næringsforum er organisera som ei foreining med eit eige styre.

Foreininga blir finansiera primært gjennom medlemskontingent, men også prosjekt der VTNF utfører oppdrag som vert godtgjort. Eit døme på pågåande prosjekt der VTNF har ei viktig rolle er Byregionsprogrammet i Vest-Telemark. Dette er eit program som skal auke kunnskapen om samspelet mellom by og omland for å styrke desse områda sin regionale vekstkraft. Det er eit mål at auka kunnskap skal bidrage til strategiar og tiltak som styrker regionen som heilhet. Prosjektet er sett saman av fleire delprosjekt, og ein skal mellom anna jobbe med samspelet mellom næringsmiljøa i regionen, utvikling av møteplassar og betre samspel mellom offentleg og privat sektor.

Det er kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje i Vest-Telemark som er oppdragsgjevar.

VTNF sine medlemmar er den viktigaste ressursen for organisasjonen. Medlemmane sikrar legitimitet og med det påvirkningskraft. VTNF fremjar interessene til medlemmane og er opptekne av rammevilkåra til næringslivet. Vi ønskjer å legge til rette for gode møteplassar som resulterar i nettverksbygging, dialog og samhandling. Den årlege Vest-Telemark konferansa med dagsaktuelle tema er døme på ein slik møteplass.

VTNF deltek i ulike prosessar inn mot offentlege aktørar. Vi utalar oss i høyringar både kommunale, regionale, fylkeskommunale og nasjonale på aktuelle saker. Gjennom å vere medlem i VTNF har verksemdene ei større stemme og kan sei si meining og med det påverke utviklinga. VTNF har mellom anna eit tett samarbeid med NHO.  Som medlem stør du opp om arbeidet og sikrar ein forutsigbar aktivitet, som igjen gjer  VTNF til ein solid næringspolitisk aktør i utviklingsarbeid i regionen. Om du ønskjer at Vest- Telemark skal stå sterkare i framtida, vere synleg og vidareutvikle næringslivet, bør du bli medlem.