Temamøte om energi

Vest-Telemark Næringsforum og Fyresdal Næringshage inviterer til møte om eit viktig tema for industri og næringsliv. Dei høge energiprisane kan true både eksisterande verksemder og etablering av nye arbeidsplassar.

Møtet er opent for alle som er interessert i energi og næringsliv.

Tid: 5. september kl 12 – 16. Møtet startar med lunch.

Stad: Straand Hotell, Vrådal

Pris: Gratis for medlemmar i VTNF og bedrifter i Fyresdal Næringshage, 500 kr andre deltakere. Faktura sendes forskuddsvis.

Påmelding HER

Vi byr på følgjande program:

Olav Veum, dagleg leiar Vest-Telemark Næringsforum.

Opning ved styreleiar i Vest-Telemark Næringsforum Johan Straand og ordstyrar for dagen Olav A. Veum

Ole Erik Almlid, administrerande direktør i Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO).

13. 05 – 13.25 Energisituasjonen i Norge – særnorsk eingongstilfelle eller varige endringar i rammevilkår for næringslivet?

Ole Erik Almlid er Norges fremste representant for næringslivet. Han har tett kontakt med Regjering, Storting, bedrifter over heile landet og mange andre beslutningstakarar.  Sentrale tema frå Almlid:

– Korleis påverkar energikrisa utviklinga i næringslivet?

– Korleis handterer vi ei energikrise når vi også skal få til ei grøn omstilling?

– Kva for krav stiller næringslivet til myndigheitene – og kva er moglegheitene? Korleis er dialogen, er vi på veg mot ei løysing? Kva meiner NHO?

Han vi også si noko om betydninga av SMB og privat eigarskap.

13.25 – 13.40 Tone Aanderaa Kiste, dagleg leiar Kraftkompetanse KO

Korleis utviklar kraftsituasjonen seg i Vest-Telemark?

Kraftkompetanse KO sitt formål er å ivareta interessene knytt til bruk av vasskraft og naturressursar for kommunane i Telemark og Vestfold.

13.40 – 13.55 André Loga Gjerde, dagleg leiar Arendals Vassdrags brukseigarforening.

Moglegheiter og begrensningar i reguleringsregimet av dagens vasskraftproduksjon. Korleis kan vi optimalisere og produsere meir energi ?

13.55 -14.10 Kristin Saga, regiondirektør NHO Vestfold Telemark

Korleis er situasjonen for næringslivet regionen vår nå? Strømsituasjonen er viktig, det same behov for kompetanse, flaskehalsar, råvareprisar mm. Kva for moglegheiter har vi i regionen dersom vi får dei rette rammevilkåra?

14.10 – 14.50 Kommentarar frå salen, spørsmål, kaffe og minglepause.

14.50 – 15.05 Tor Erik Baksås, statsautorisert revisor, Ernst & Young

Konkrete effektar for bedrifter – dette er alvor!

15.05 – 15.20 Anders R. Øynes, administrerande direktør, AT Skog

Andre moglegheiter enn bare strøm – vi har store unytta bioressursar. Hva kan vi forvente av lokale og regionale myndigheter, kva kan fylkeskommunen gjere for næringslivet ?

15.20 – 15.40 Terje Riis Johansen, fylkesordførar og tidlegare olje- og energiminister, Senterpartiet

15.40 -16.00 Oppsummerande prat

Erik Skjervagen, ordfører Fyresdal Kommune, Arbeiderpartiet og styreleiar Vest-Telemark Kraftlag, Terje Riis Johansen, Ole Erik Almlid og Olav Veum.

Vi oppfordrar alle som er interessert i tematikken til å møte.

Ikke medlem? Meld deg inn i dag og få gratis det deltakelse på møtet, samt gratis medlemskap ut året.

Pris medlemskap VTNF:

– Til og med 2 tilsette: Kontingent 200 kr, informasjonsavgift 800 + mva.

– Frå og med 3 til 15 tilsette: Kontingent 200 kr, informasjonsavgift 2000 + mva

– Frå og med 16 tilsette og oppover: Kontingent 200 kr, informasjonsavgift 3000 + mva

Send gjerne en mail med organiasjonsnummer og kontaktinformasjon til kristin.vedum@silvaconsult.no om du vil bli medlem.

PÅMELDING

Meld deg på HER

Ved spørsmål kontakt

Olav Veum, tlf 90138998, olav.veum@silvaconsult.no

Kristin Vedum, tlf 93259472, kristin.vedum@silvaconsult.no