Samferdsel er blant dei viktigaste suksessfaktorane for vekstkraftige verksemder og er prioritet nummer éin for Vest- Telemark Næringsforum. Norske verksemder og verksemdene i Vest-Telemark har dårlegare rammevilkår for transport enn mange av våre handelspartnarar. Derfor meiner VTNF det er avgjerande at norsk samferdsel kjem opp på ein akseptabel standard.
VTNF er fast medlem av NHO Telemark sitt transportutval. Gjennom arbeidet der, saman med politisk kontakt på regional og nasjonalt nivå arbeidar vi for å optimalisere regionen sitt behov innan Nasjonal Transportplan og Telemark fylkeskommune sin vegplan (Arena Telemark). Vest-Telemark Næringsforum jobbar aktivt for at E134 blir utvikla som hovudveg aust–vest og det er av avgjerande betyding for ein region som Vest-Telemark at me får landa dei store hovudlinjene. Vidare er det høgt oppe på dagsorden at prioriteringane på Rv36 og Rv41 blir gjennomført, samt at det vert sett fokus på fylkesvegane. Fylkesvegane er ofte ein salderingspost, har ein dårleg standard og utgjer mykje av utfordringane til næringslivet i regionen. Særleg viktig er flaskehalsutbetringar som gjer det mogleg å bruke optimalt transportmateriell med 25 m lengde og 60 tonn totalvekt.